18. september 2021 kunne NSF Vestland feira 1 år.
Det siste halvanna året har vore eit spesielt år for alle. Det var vel svært få som trudde at me i vår moderne verden kunne bli «slått ut» av ein pandemi i 2020. Så feil kunne me altså ta. Det at så få trudde at dette kunne skje, viste seg både i risikoanalysane som var gjort på førehand, og i planlegging og rutinar knytta til prosedyrar for smittevern.
Det var dykk ute i felten som tok støyten, for oss alle. Det er de som har kjent på belastninga fysisk og psykisk, og sett og erfart korleis dette har vore for dei sårbare. For barna, for ungdommen, for dei sjuke og for dei eldre, og ensomheten det har følgt med seg.
Lite viste imidlertid att i lønningsposen etter lønnsoppgjeret både i kommunal sektor og i sjukehus sektoren.
Forstår egentlig våre lokale og sentrale politikarar alvoret?
Du har kanskje sett annonsa ovanfor på facebook, instagram eller i ei lokal avis? Annonsa ovanfor var ein del av ein landsomfattande kampanje utarbeida på oppdrag av NSF, for å opplysa både befolkninga og politikare om den kritiske situasjonen knytta til sykepleiermangelen i Norge. Sykepleiertjenesten er avgjerande for gode helsetenester i Norge, og for at folk skal kunne bu og leva i heile Norge, også i framtida. Annonsa ovanfor var utarbeida for Vestland spesielt. Kampanjen var utarbeida som et ledd i å få befolkningen til å ta kloke valg når de skulle gå til valgurnene den 13.september.
I Norge manglar me 7000 sjukepleiarar. 1400 av desse er spesialsjukepleiarar. Berre i Vestland manglar me 725 sjukepleiarar. 575 sjukepleiarar og 150 spesialsjukepleiarar. Det betyr at kvar av Vestland sine 43 kommunar manglar 16,8 sjukepleiarar.
Undersøkelsen faktisk og planlagt bemanning viser at sjukepleiarvakter i aukande grad blir erstatta av ufaglærte. Undersøkelser viser også at få eller ingen kommunar bruker lønn som verkemiddel for å rekruttere sjukepleiarar, samtidig viser stillingsutlysninger at der ein brukar lønn som verkemiddel får ein søkjarar. Skal kommunane kunne sikre at de skal kunne gjennomføre lovpålagte oppgåver, må de ta grep no, og lønn er eit verkemiddel som verkar. Ikkje berre for å rekruttera men og for å behalde erfarne sjukepleiarar.
Dei som sluttar som sjukepleiar oppgir at arbeidsbelastningen og tidspresset er for stort. I tillegg opplyser dei at lønna er for lav i forhold til oppgåver og ansvar (Gautun, 2020). NSF meiner at det må ein bemanningsnorm til, som står i forhold til behova som pasientane har. Etter samhandlingsreformen har det skjedd ei stor endring. Belastninga i kommunane har auka, og verken kompetanse eller ressursar har følgt med. Indikatoren på stoda ute i kommunane kan me lesa i talet på sjukefråvær og andelen som sluttar. Eit sjukefråvær på mellom 10-20 % er ein sterk indikator på belastninga. Me veit at mange kommunar brukar store summar av kommunebudsjettet kvart år på innleie. Ein praksis som verken fordrar kvalitet eller kontinuitet.
Bergen kommune har hatt store utfordringar med å få tak i folk, både faglærte men også ufaglærte. Det er ei varsla krise. I eit lesarinnlegg like før valet skreiv eg at «me står på kanten av stupet». Dette blei eit tema under den fagpolitiske konferansen. Kva våre lokalpolitikarar svarte på utfordringane i Bergen, kan du sjå og høyra på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=Yvhgf46pJ3I
Stortingsvalet er over. Me har gratulert dei nyvalte med kandidaturet sitt, som representantar for Hordaland og Sogn og Fjordane, og me har sagt at me ynskjer å ha ein god relasjon til alle våre sentrale og lokale politikarer. Det er viktig både for oss i NSF og for medlemmene våre. For me har medlemmer som på ulikt sett representerer ulike politiske parti. For oss er det NSF sin politikk som er viktig. Det å få gjennomslag for våre saker. Ein av dei viktigaste sakene våre no er å få ein bemanningsnorm i helsetenesta, samt høgare lønn til medlemmene våre. For å få dette til må vi påvirke våre politikere. Det gjer me gjennom møter med politikere og gjennom media. Påvirkningsarbeid til endring tek tid. Det handlar om å gjenta budskapet igjen og igjen.
Her i NSF Vestland har me det siste året, som veldig mange andre i Norge stort sett arbeida på heimekontor. Men no kan me endeleg reisa ut på «signingsferd», noko som vi har gleda oss til. Me kjem snart til din kommune eller ditt sjukehus.
På Facebook kan du i dag sjå ein video av Lill Sverresdatter Larsen og æresmedlem Kari Martinsen i dialog om faget. Eg gler meg til å sjå filmen, og eg håpar du og tar deg tid til å sjå den.
NSF feirar i dag 109 år! Me er stolte av vår lange historie og kampvilje for våre saker; me vil stå samen også i framtida. Med faget i front skal vi forsette å være tydelige, modige og stolte!
Trykk på lenka her, så får du høyra kva nokon av medlemmene våre meiner: https://youtu.be/LjDzJ2xOmAk
Med ønske om ei riktig god helg til kvar og ein.