"For å scora mål, må me spela på lag"

Bilde Agnete Hommedal Gilbakken

Agnete Hommedal Gilbakken

Oppgåva byggjer på litteratur av Bang & Midelfart (2019), Wheelan, Åkerlund, og Jacobsson (2021) og Amy Edmondson (2019) for å kunne svare ut fylgjande problemstilling:

Kva skal til for at ei kommunal leiargruppe skal fungera som eit effektivt team?

Funna vart drøfta opp mot teori, forsking og eigne erfaringar. Fleire av punkta som kom fram i undersøkinga samsvarar med det som vart funne i litteraturen og at funna var veldig typiske og vanlege for kva som manglar for å oppnå større effektivitet i leiargrupper. Leiarane av helsetenesta utøver sin funksjon i toppleiargruppa, samstundes som dei driftar sine eigne respektive einingar.

Spørjeundersøkinga som vart gjennomført syner at leiargruppa scorar høgt opp i nivå 3 av totalt 4 nivå. Sjølv om ein oppnår nivå 4, så må ei effektiv leiargruppa arbeide aktivt for å oppretthalde seg i det høgste nivået.

Svara frå spørjeundersøkinga og intervjua gav eit innblikk i kva leiargruppa saknar, og kva dei sjølv tenker kan vere aktuelle tiltak for å utvikle seg som ei effektiv gruppe.

Resultata frå undersøkinga syner mellom anna at leiargruppa treng å få, gje og nytte seg av tilbakemeldingar, dei kan bli betre på å evaluere seg sjølv og det dei produsera, samt arbeida for å bygge seg eit godt lag.

Kort om teori og forsking på effektive leiargrupper

Det finst mykje teori og forsking på effektive grupper og team, men ikkje like mykje om effektive leiargrupper. Wheelan, Åkerlund, & Jacobsson (2021) seier at effektive leiargrupper fullfører prosjekt raskare, produsera høgare kvalitet og generera høgare inntekter. Dei seier vidare at kjenneteikn på effektive leiargrupper er mellom anna at medlemmene er tydelege og einige i gruppa sine mål, oppgåvene er teamrelaterte og ikkje på individ nivå, medlemmene har tydelege roller og akseptera dei, gruppa får, gjev og nyttar tilbakemeldingar om effektivitet og produktivitet, gruppa nyttar effektive strategiar for å ta avgjersler, gruppa har klare normer og ein open kommunikasjon.

Wheelan, Åkerlund, & Jacobsson (2021) listar opp ti nøklar for effektiv produksjon: mål, roller, gjensidig avhengigheit, leiarskap, kommunikasjon og tilbakemeldingar, diskusjonar, avgjersler og planar, implementering og evaluering, normer og individuelle ulikheitar, struktur, samarbeid og konfliktløysing.

Bang & Midelfart (2019) skriv at ei effektiv leiargruppe skapar høge prestasjonar når dei klarar å skape meirverdi for organisasjonen og gruppa sine medlemmar. Bang & Midelfart (2019) har utvikla ein forskingsbasert modell som syner faktorar som er særleg viktige for ei leiargruppa sine prestasjonar og effektivitet. Modellen skil mellom forutsetningar, prosessar, relasjonelle tilstandar og resultat.

Modell for effektive ledergrupper

Figur 1: Modell for effektive leiargrupper (Bang & Midelfart, 2019). Bildet av modellen er henta frå nettsida til Azets (Azets, 2023).

Bang & Midelfart (2019) har funne ut at det er særleg fem aspekt som går att i studiar om samanhengen mellom gruppesamansetningane og teamprestasjonar. Dette er gruppestørrelse, roller, kompetanse, personlegheit og mangfald.

Vidare trekkjer Bang & Midelfart (2019) fram at effektive leiargrupper ikkje må vera for store. Dei syner til at ulike studiar har forska på dette, utan eit eintydig svar, men dei fleste hamnar på rundt 5-7 personar. Likevel seier Bang & Midelfart (2019) at det i enkelte grupper kan vera hensiktsmessig med tosifra medlemstal, dersom føremålet med gruppa er informasjon og samkøyring av oppgåver som skal gjerast. Det er ein fare for at produktiviteten reduserer seg jo fleire som er med i gruppa.

Konklusjon

I oppgåva vart det undersøkt kva som skulle til for at ei kommunal leiargruppe skal fungere som eit effektivt team. I den samanheng synte spørjeundersøkinga nokre områder leiargruppa var svake på.

Leiargruppa hadde eit godt utgangspunkt for å kunne bli eit effektivt team. I spørjeundersøkinga scora dei høgt, men likevel ikkje på høgste nivå.

Leiargruppa som vart undersøkt kunne ha trena på utvalde tema og gjort nokre grep i forhold til å få, gje og nytte seg av tilbakemeldingar, evaluera eige arbeid og finne fleire gode arena for å bygge lagånd.

Wheelan, Åkerlund, & Jacobsson (2021) seier at for å halde seg på høgste nivå må ein kontinuerleg gjere ein innsats i gruppa. Dei seier at dei tre viktigaste handlingane er at teamet får, gjer og nyttar tilbakemeldingar om produktivitet og effektivitet, at dei evaluerer eige prestasjonar regelmessig og at dei gjer grep for å unngå fast rutine ved å ikkje gå i same spor. «The best of times», doesn’t become «the good old days» (s.114). Denne teorien samsvarar godt med to av funna prosjektet hadde om at tilbakemeldingar og evalueringar må til for å halde seg på eit høgt nivå. 

For at leiargruppa som vart undersøkt skulle nådd opp på høgste nivå, måtte dei aktivt drive praktisk endringsarbeid. Dei kunne mellom anna nytta seg av øvingar som er tilgjengelege i boka om «Effektive ledergrupper» av Bang & Midelfart (2019).