Hvor jobber du? Eg jobbar som kreftkoordinator i Bergen Kommune der eg jobbar med dei som er ramma av kreft; pasientar, pårørande og etterlatne. Eg er òg ein ressurs for helsepersonell.
Hva er det du liker best med å være med i faggruppestyret? Det er å kunna auka min eigen kompetanse, byggja nettverk og vera med å påvirka og styrkja kreftsjukepleiefaget. Mitt største ønske er at alle kommunar i Noreg skal ha ein aktiv kreftsjukepleiar. Så er eg opptatt av aktivitet ute i lokallaga, som er hjartet i faggruppa.
Og til slutt, hva liker du å gjøre utenom jobb og faggruppearbeid? I fritida trivst eg på hytten, eg strikkar og det å vera med familie og venner som gir meg energi.