ICM regional konferanse i Berlin 2024

ICM

I år skal ICM vere vertskap for to regionale konferanser skreddarsydd for jordmødre som ynskjer å forbetre sine ferdigheiter utover klinisk praksis, for å bygge ein vellykka jordmororganisasjon. Vi vil fokusere på viktige emne innanfor leiing, økonomi, påverknadsarbeid og meir.

Europakonferansen (i Berlin) vil samle jordmødre og interessentar. Målet er å skape eit støttande og tilpassingsdyktig fellesskap i dagens stadig skiftande verd. Midwives 360 symboliserer ICM si tilnærming til jordmor frå alle vinklar - ein heil sirkel. Denne konferansen har som mål å bryte ned grenser og barrierar og fremje samarbeid, innovasjon og delt læring.

Sentrale emne vil vere bruk av data for global påverknad, styrking av leiarskap, forsterking av verknaden av jordmororganisasjonar og utforsking av modellar for jordmorleia omsorg. Ein vil også drøfte støtte til kvinner i humanitære kriser, ta til ordet for auka investeringar i jordmororganisasjonar og strategiar for å redusere global mødredødelegheit.

Les meir og meld deg på her: https://internationalmidwives.org/event/icm-regional-conference-europe/

Støtteordningar:
I tillegg til at ein som medlem av NSF kan søke kursstøtte her: https://www.nsf.no/medlemsfordeler-og-forsikringer/kursstotte-til-fagkurs-og-konferanser så har ICM også eit støtteprogram til denne konferansen.
Ein kan søke om stipend for å delta frå ICM. Denne konferansa er ei unik moglegheit for jordmødre å lære meir om påverknadsarbeid, jordmormodellar for omsorg, leiing, humanitære reaksjonar og mykje meir - men også til å bygge nettverk og lære av kollegaer i heile regionen. Meir info om det stipendet her: