Fagseminar med NASKO

Nasko

Ingunn (fysio), Astrid (FHPA NSF og Helsesjukepleiar), Ann Karin (Helsesjukepleiar), Jon (Elevorg.), Hanne Charlotte (Jordmor), Kaveh (Lege) og Hanne (Direktør NASKO) hadde mellom anna sofaprat om forventingar til kompetansemiljøet.

Torsdag og fredag førre veke deltok leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte, og seniorrådgivar Sara på NASKO sitt fyrste fagseminar.

NASKO skal dekke svangerskapsomsorga på helsestasjon, helsestasjon 0-5 år, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. NASKO er oppretta av FHI, er nasjonalt og ligg i Levanger. Kompetansemiljøet forankrast som ei eiga avdeling i FHI.

NASKO er oppretta for å styrke kompetansen, fagutviklinga og forskinga innanfor dette feltet. Kompetansemiljøet sitt mål er å produsere forsking som grunnlag for kunnskapsbaserte helsefremjande og førebyggande tenester for barn, unge og deira foreldre, samt støtte kommunane med å ta i bruk beste tilgjengelege kunnskap i fag og tenesteutvikling. Dette gjer ein med å mellom anna opprette ein kunnskapsportal for tenestane, samt forsking på kunnskapshol i nasjonal fagleg retningslinje gjennom samarbeid med eksisterande fagmiljø og Helsedirektoratet (henta frå fhi.no).

Kompetansemiljøet får 15 millionar kroner over statsbudsjettet.

Vil du lese meir om NASKO og sjå på programmet frå fagseminaret, sjå her: https://www.fhi.no/ku/nasjonalt-kompetansemiljo-for-helsestasjons--og-skolehelsetjenesten/nasjonalt-kompetansemiljo-for-helsestasjons--og-skolehelsetjenesten/#bakgrunn-for-opprettelsen